jøl uten vesentlig syn og hørsel dei siste åra, fulgte ho tante Bjørg godt med i familien, slekta - og - på hendelsar i samfunnet som opptok ho - og ho hadde innsiktsfulle spørsmål og overveielsar. Orientert og oppdatert.
Dagane etter palmesøndag da ho Ellen Britta ringte meg med sørgjebudskapet, har mange tidsbilde kome opp i minnet mitt frå tante Bjørg sine glansdagar; som velorganisert 4-barnsmor i Skanseveien 12; med deltidsjobb som assistent på sykehuset etter kvart; med solskjensdagar i hytta på kleivavollen i Halsa; og med ein travel husbond - han onkel Einar- med mange ventande oppdrag på Furseth slip og mek. verksted.
Eg har fått opp tidsbilde frå eigen tidleg barndom i Halsa. Eg var den einast av ungane i nabolagaet som hadde ei bytante: Eg kunne fortelle naboungane at ho tante Bjørg hadde både lebestift og naglelakk på seg - og ho gikk på fortau. Det imponerte... Og stilen har stått ved lag: Ho tante Bjørg hadde et blikk for form og farge både med påkledning, innredning og oppdekking - heilt inntil siste gongen vi besøkte ho.
Eg har fått opp bilde frå tidsrekninga der ho tante Bjørg fikk barnebarn og vart ei hjertegod bestemor -mormor og farmor - med tida vart ho dotter åt ei aldrande mor. - Fordi tante Bjørg sin bror døde tidleg, han Ola -far min - vart ho tante Bjørg åleine om å bera sut for ei alderssvekka mor sitt ve og vel. Også det med tålmod og hjertevarme.
Eg, og mange med meg, minnest ho tante Bjørg som hjertevarm, velorganisert, innsiktsfull, - med et våkent blikk på alt frå fjerne hendelsar i samfunnet, - og til vare nyansar i form og farge i det nære.
Inntrykk tante Bjørg si tid som eg har bore med meg, har gjeve meg ei glede og ei tryggheit - som har forma meg - og som eg vil bera med meg vidare i takknemligheit.
Med det, lyser eg fred over tante Bjørg sitt minne
Kondolerer
Mary Indseth